Leder

Ingen tiltakstørke i landbruket

Tørkekrisa i landbruket er alvorleg, men regjeringa har så langt møtt den med fornuftige tiltak.

Trond Reidar Teigen, NTB Scanpix

INGEN KRISEPAKKE: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) har sagt nei til ei krisepakke, men har langt på veg kome bøndene i møte. Her er han saman med statsminister Erna Solberg (H) og representantar frå bondeorganisasjonane.

Publisert:

Denne sommaren har vore forferdeleg for det norske landbruket. Det har vore så varmt og så tørt at avlingane vert sterkt reduserte. Bøndene opplever difor sterk inntektssvikt, og fôrmangelen kan føre til at mange dyr vert slakta før vinteren.

Krisa er alvorleg, og krava til regjeringa er høge. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) har sagt nei til ei krisepakke, men har langt på veg kome bøndene i møte.

Les også

BTs leder: Skremmende flott sommer

Regjeringa har levert ei rekkje krisetiltak. Tiltaka skal betre tilgangen på fôr og gjere det lettare for bøndene å få erstatning.

Det store kravet frå bondeorganisasjonane er at erstatningsordninga for avlingsskade skal aukast. Dagens ramme er på 1,1 milliardar kroner. Den er basert på ei prognose utarbeidd av landets fylkesmenn. Det meste av skadane er meldt inn frå Austlandet. Det er anslått at bønder i Hordaland og Sogn og Fjordane vil søkje om drygt tolv millionar kroner i erstatning.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner regjeringa bør leggje på éin milliard til. Det er i snitt utbetalt 45 millionar kroner i avlingserstatning kvart år dei siste ti åra.

Les også

Morten Myksvoll: «Denne varmen er eit uvêr som gjer folk glad.»

Fleire parti på Stortinget har reagert på regjeringas tiltakspakke. Dei meiner at det ikkje er nok. Audun Lysbakken (SV) meiner at «regjeringen alltid har penger til de rike, men svikter bøndene». Det er ein lettvint kritikk.

Regjeringa har ikkje kome bøndene i møte på alle krava som er levert inn, men dei har bidratt med både pengar og regelendringar som bøter godt på situasjonen.

Statsminister Erna Solberg (H) møtte bondeorganisasjonane onsdag, og var open for å kome med nye tiltak seinare. Det er naturleg å bruke tid på å vurdere om dei tiltaka som allereie er sett i verk er tilstrekkelege.

Det er ikkje fornuftig at tiltaka vert prega av overbodspolitikk på Stortinget.

Les også

Åtte konsekvenser av den rekordvarme sommeren

Bøndene har heldigvis gode og fleksible erstatningsordningar som hjelper dei i dårlege år. Klimaendringane kan gjere det langt verre å drive landbruk i Noreg. Støtteordningane må ta høgde for at det kan bli fleire slike somrar.

Fram til no har landbrukets klimagassutslepp vore lite omtalt. Næringa står for 4,5 prosent av dei norske utsleppa, og må bidra til reduksjonar for at Noreg skal nå klimamåla sine.