BT Magasinet

Gløymd noko? Dette blei lagt att i løpet av ein månad på Ado Arena

Symjeanlegget i Bergen er som livets eigen hittegodssentral.

TIDSTEIKN: Dette, pent lagt ut over flisene på Ado Arena i Bergen, er gjenstandane dei besøkjande gjestane har lagt frå seg den siste månaden.

  • Odd Mehus
Publisert:

Symjebriller, drikkeflasker, joggesko, klokker, giftering, lommebøker og til og med ei ganske ny barnevogn.

Me gløymer og forlèt, kjøper nytt og gløymer igjen.

Her, på flisene i Ado Arena, ligg dei attgløymde tinga frå den siste månaden ved arenaen og Nordnes sjøbad i Bergen. Blant alle symjebuksene finst alt frå dei mest personlege av verdisaker til forgjengelege paraplyar.

Ados daglege leiar, Håkon A. Egeberg Johansen, synest mengda av attgløymde ting er eit symptom på vår velstand:

Me har det godt. Og me lever i eit bruk og kast-samfunn.

– Me tenkjer at tingen kostar 300 kroner, og så blir det for mykje styr å henta det. Så då kjøper me heller nytt.

VERDISAKENE: Klokker, smykke, mobiltelefonar og til og med litt pengar. Dei vitjande ved Ado Arena og Nordnes sjøbad gløymer meir enn berre badebuksa.

Om vinteren, når det er opptil fleire kuldegrader, går folk frå boblejakkene sine. Sko blir ståande att. Mobiltelefonar det same.

Det som ikkje vert henta, går til ulike hjelpeorganisasjonar.

– Me inngår kontraktar med organisasjonane, og tinga har gått til hjelpeprosjekt på Sri Lanka, i Zimbabwe og Romania, seier Johansen.