Kino er ikkje tidtrøyte for meg

Ver så snill å ikkje leggje til grunn BTs filmkritikar si førestilling om at vi pensjonistar nyttar Bergen Kino som tidtrøyte.

Odd Mehus (arkiv)

UTFORDRA: Eg går på kino for å få nye opplevingar, og for å bli utfordra på eigne meiningar og fordommar. Og eg vil sjå gamle og nye filmar i ein god, mørk og veleigna kinosal, skriv innsendar.

  • Steinar Sandstad
Publisert:

Filmmeldar i BT, Emilio Sanhueza vert i BT 1. august intervjua om utviklinga av besøkstalet på Bergen Kino.

Som eit svar på kvifor ein no opplever ein publikumssvikt, nemner han mellom anna at «Bergen Kino er blitt en kjøpesenterkino. Den fungerer som barnevakt og tidtrøyte for pensjonister».

Som ei provoserande innleiing til debatt om ulike tiltak for å halde oppe eller auke publikumstalet, har det han seier effekt. I alle fall for meg.

Eg er pensjonist, og eg likar å gå på kino. Men kjære Emilio Sanhueza, eg gjer det ikkje som tidtrøyte eller i mangel på anna å gjere før eg går i grava.

Som 68-åring er eg like mentalt oppegåande som då eg var både 18, 38 og 58. Eg går på kino for å få nye opplevingar, gode historier, og for å bli utfordra og provosert på eigne meiningar, forteljingar og fordommar.

Det er flott at BT framleis ser seg råd til ha filmkritikarar slik at vi får informasjon og vurderingar av filmane som Bergen Kino set opp. Og det er fint at filmkritikarar provoserer oss til å gå på kino, der filmar gjer seg best.

Det finst sikkert mange tiltak for å auke publikumstalet på Bergen Kino. Men kjære Bergen Kino, ver så snill å ikkje leggje til grunn Emilio Sanhueza si førestilling om at vi pensjonistar nyttar Bergen Kino som tidtrøyte.

For min del går eg meir på kino no enn då eg var i arbeid. Dette gjer eg av di eg vil sjå gamle og nye filmar i ein god, mørk og veleigna kinosal. Så lenge filmane er gode og stolane komfortable, er dette nok for meg. Tidtrøyte finn eg andre stader enn på kinoen.

Les også

MI: 6 på Preikestolen: – Det har vært helt fantastisk

Les også

800 bergensere så førpremieren av «Snømannen» på utekino på Fløyen