Eg høyrer om menn med feit kåk

Du skal høyra mykje.*

STORE KLOKKER: Eg høyrer om menn som aldri sa at huslånet er refinansiert. Eg høyrer om menn og altfor store klokker, skriv BT-journalist Guro Valland.

Publisert:

Eg høyrer om menn som har full styring på ektefellen sin bankkonto.

Eg høyrer om menn som tek full styring som om det var pengane til muttro.

Eg høyrer om menn som passar på alle kroner og øre.

Eg høyrer om menn som sørgjer for at ho aldri skapar noko røre.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn som er som fedrar og betalar lommepengar til kona kvar veke.

Eg høyrer om menn som er som mødrer og gir ut geltar frå ei kjøkkenluke.

Eg høyrer om menn som synest det er kjekt å ha kontroll på økonomien.

Eg høyrer om menn som synest det er kjekt å ta kontroll på økonomien.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn som kjøper bil fordi huslånet er refinansiert.

Eg høyrer om menn som aldri sa at huslånet er refinansiert.

Eg høyrer om menn og altfor store klokker.

Eg høyrer om menn som aldri finn støvsugaren.

Eg høyrer om menn som leitar etter av-og-på-knappen.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn at det berre er dei som kan pruta på renta.

Eg høyrer om menn at det berre er dei som trur at dei kan pruta på renta.

Eg høyrer om menn at det er dei som fortener karriere.

Eg høyrer om menn at dei skal til Puerto Banus for «å feriere».

Eg høyrer om menn og øl.

Eg høyrer om menn og søl.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn og kor hardt dei jobbar.

Eg høyrer om menn og kor smart dei lobbar.

Eg høyrer om menn som dreg på byen med snacks.

Eg høyrer altså om menn og deira 50-tals flashbacks.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn som pumpar for å vekse.

Eg høyrer om menn som aldri toler ei lekse.

Eg høyrer om menn som berre vil meske.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn at dei aldri trong å skifta ei bleie.

Eg høyrer om menn at kanskje det heller var dei som trong pleie.

Eg høyrer om menn som ikkje vil ha hjelp fordi dei er menn.

Eg høyrer om menn som snakkar om andre menn sine menn.

Eg høyrer om menn med feit kåk.

Eg høyrer om menn som absolutt skal dra kortet.

Eg høyrer om menn og millionar når dei blæs opp verdiane på fortet.

Og så høyrer eg om menn at dei ikkje lenger får lov til å vera menn.

Og så tenkjer eg, faen heller, ring ein venn.

*Eg høyrer også veldig mykje om veldig mange gode menn. Takk til dykk.