BT Magasinet

Til lukke med dagen!

Kva er di mest intime bursdagshelsing?

Publisert:

Gjengen rundt bordet var ikkje samstemte.

Det var den eine sin bursdag og me var samla på bar for å feira.

På mobiltelefonen rann det inn med helsingar, men berre stundom drog bursdagsbarnet fram maskineriet. Han var på veg mot 200 på Facebook.

– Er det godt nok å takka for helsinga med ein tommel opp, vart det spurt.

– Skal eg skriva attende og takka, eller berre leggja att eit hjarte eller ein tommel?

– Viss det kjem ei meir personleg helsing, skriv eg gjerne tilbake, svarte ei.

– Til somme legg eg att hjarter. Til andre tomlar opp. Det kjem an på.

Les også

Lasse Lambrechts: Jeg våknet som 40-åring og registrerte fornøyd at jeg ikke hadde grodd hestehale i søvne

Med kamerat Facebook som bodbringar, kom samtalen inn på kva som er den mest oppriktige måten å ynskja nokon til lukke med dagen på.

For det er ikkje rett fram, dette. Folk har sin eigen justis for omsorgens hierarki.

Gratulerer du med den no eldgamle teknologien SMS?

Gratulerer du med ei melding på Facebook Messenger?

Gratulerer du med eit innlegg i tekst på veggen til vedkomande på Facebook?

Gratulerer du med tekst og bilete på veggen til vedkomande på Facebook?

Gratulerer du med, gurimalla, ein e-post? Ein halvgalen video, som heile verda kan sjå? Instagram?

Gratulerer du med ein snap?

Eller ringjer du?

Verda er i endring.

Enklare var det då me berre banka på ei dør. «Hei, og til lukke med dagen!»

Eller den tida då me gjekk i bursdagar med gåver som andre hadde ordna for oss.

Spelereglane mellom avsendar og mottakar var kjende då. Så kom internett. Så kom dansande babyar og kattefilter på Snapchat.

Bursdagshelsinga er i fritt fall.

Teknologi, form og farge har snudd opp ned på maktbalansen i det å gratulera.

Utan fysisk kontakt finst det ingen garanti for at den du helsar til faktisk forstår kor viktig gratulasjonen var for deg.

Kor lang tid det tok å leita fram det gamle biletet. At du gjorde deg flid med teksten.

Les også

Les også: Fem gode grunner til å gråte en skvett

No sit me på internett og mobilen og sender ut gratulasjonar heile døgeret.

Då er det dumt om ein halvgod emoji skal skapa støy.

– Det mest personlege er å ringja, slo ei rundt bordet fast.

Bursdagsgjengen nikka. Men kva med SMS?

– Nei. Det er avleggs. Eg les aldri tekstmeldingar lenger, til mamma sin store frustrasjon, kom det frå ein annan.

Generasjonskløfta er utfordrande. Det same gjeld val av kommunikasjonskanal.

Det er heller ikkje alle bursdagsbarn som klarar å dekoda avsendaren si verdsetjing av ein pandabjørn, til dømes. Eller ei strand i solnedgang og to champagneglas.

Ei rundt bordet var tydeleg på kva som er hennar øvste nivå i helsing-hierarkiet. Ho gjer det på Facebook, og det skjer i form av ein visuell presentasjon:

Når ho vitjar barndomsheimen, finn ho fram gamle bilete av den ho skal gratulera. Så dokumenterer ho biletet med mobilen, slik at ho har det klart når bursdagen kjem. Så publiserer ho tekst og bilete på Facebook.

– Med ei slik helsing viser eg heile verda kor viktig eg synest det er med denne bursdagen.

Bursdagsbarnet sjølv rista på hovudet.

– Kvifor skal du visa det, spurte han.

Han var mest glad for at me var komne.