BT Magasinet

Sindre Herre (18)

– Den mest avanserte øvinga mi er å stå på hendene og sjonglere ballen med føtene. Det tok eitt år med øving for å bli god til å stå på hendene, og endå eit år for å få kontroll på ballen samtidig. Triksing med ball er ein eigen sport, og eg trenar for å nå målet mitt om å bli ein av dei beste i verda. Sporten handlar ikkje om å kunne stå lengst mogeleg utan å miste ballen – var det så lett, kunne eg nok stå og trikse heile dagen utan å miste kontrollen. Det handlar om vanskeligheitsgrad, utføring og originalitet. I denne sporten trur eg at eg kan delta i toppen internasjonalt til eg blir tretti år. No i sommar held eg nokre oppvisingar for å styrke økonomien. Folk er stort sett positive, men her i Bergen var det ein kar som påsto at ballen var limt til foten min.

Odd E Nerbø
Publisert: