Me greier oss utan EØS og EU

Eirik Texe varslar ei katastrofe som ikkje vil inntreffe.

Andreas Gebert, NTB Scanpix

STOR SKADE: Ein uklok og altfor ekspansiv finanspolitikk initiert av dei sterke statane i EU, mellom andre Tyskland, har påført mange land stor skade, skriv innsendaren.

  • Toril Mongstad
Publisert:
Les også

Å forlate EØS kan bli katastrofalt

Det er typisk for EU og EØS-tilhengjarar å tenkja at alternativet til EU-medlemskap og EØS-avtale er isolasjon. Det er også typisk for den same gjengen å varsla katastrofe om Noreg ikkje vert medlem av EU, eller skulle gå ut av EØS-avtalen.

Me trur ikkje meir på slik skremselspropaganda no enn me gjorde i 1994 eller i 1972.

Privat

PROPAGANDA: Me trur ikkje meir på slik skremselspropaganda no enn me gjorde i 1994 eller i 1972, skriv Toril Mongstad.

Typisk er det også for denne gjengen å prøva å klistra Nei til EU til dei ekstreme høgrekreftene som veks fram i Europa. At Texe i BT 4. august kallar desse for Nei til EU sine allierte, er nok meir eit uttrykk for mangel på kunnskap og saklege argument.

Har det slått Texe at desse kreftene har vakse fram som eit resultat av den politikken EU har ført og tvunge på mange medlemsland? Ein politikk der innstramming og bortfall av velferdsgode har stått sentralt.

Om lag halvparten av dei som stemte for Brexit gjorde det fordi dei ønskjer at Storbritannia sjølve skal ha styring over eige land, og fordi EU sin kuttpolitikk har ført til uakseptable tilhøve for dei lågare klassane når det gjeld arbeidslivsrettar, velferd og pensjon. Ein uklok og altfor ekspansiv finanspolitikk initiert av dei sterke statane i EU, mellom andre Tyskland, har påført mange land stor skade.

Nei til EU kjempar for å erstatta den udemokratisk og politisk overstyrande EØS-avtalen med ein normal handelsavtale mellom likeverdige partar og utan politisk diktat. Verda er større enn EU, og noka isolasjonsline står me ikkje for.

Texe burde også vita at EØS-avtalen ikkje påverka utfallet av toll-saka. Flinke forhandlarar sikra dette utfallet.

Les også

Erna Solberg verner fiskeriminister Per Sandberg

Les også

Verden bør belite seg mer

Les også

EØS reddar oss frå USAs tolltull

Les også

Galtung er fortsatt stjerne i Jondal