«Beklagar mamma og pappa. De treng i ein periode å forlate eit gråtande barn»

Men me vil gjere det som står i vår makt at de kjenner dykk trygg på at barnet ditt då har eit trygt fang og blir haldt rundt akkurat så lenge som det trengjer det.

Illfoto: NTB Scanpix

VONDT: At barnet ditt vil grine i ein kortare eller lengre periode når du seier ha det i barnehagen, er naturleg. Me kan ikkje ta ifrå deg den vonde følelsen. Men det me vil gjera, er å møte barnet ditt, og anerkjenne dei kjenslene, skriv innsendar.

  • Anette Lauareid Hovda
Publisert:

Korleis skapar me desse trygge gode åra i barnehagen saman?

Eg tenkjer at tryggleik er det essensielle. Barn som er trygge har lettare for å leike i saman med andre. Barn som er trygge har lettare for å lære. Og barn som er trygge har det godt.

Eg tenkjer at desse nøkkelorda er eit godt utgangspunkt:

Kommunikasjon, undring og lytting. De foreldre vil levere ifrå dykk det mest verdifulle de har. For mange av dykk er det første møte med barnehagen som nå står for dør. Og ein del av dykk har tidlegare erfaringar gjennom eldre barn for eksempel.

Uansett tidlegare erfaring med barnehage eller ei, er det naturleg å sitje på mange spørsmål, kjenne på spenning, bekymring og kanskje «grugleda» seg?

Trygge foreldre gir trygge barn. Det viktigaste me i barnehagen kan gjere er å møte deg som mor og far med anerkjenning og respekt. Me vil respektere at dette er vanskeleg, me vil anerkjenne kjenslene dine når du synest det er vondt å gå ifrå barnet ditt som gret. For me ynskjer så inderleg at du får kjenne deg trygg.

Me ynskjer å lytte til alle bekymringane dine, alle spørsmåla dine. Me ynskjer å lytte til det du synest er bra, og det du synest kan bli betre i vårt møte med deg og barnet ditt.

Me vil kommunisere ut det som er viktig for oss i vårt arbeid med barn. Kva som er viktig for oss når me møter ditt barn.

Me vil kommunisera ut korleis barnehagekvardagen vår er, og kva me opplever som både godt og vanskeleg for ditt barn, for på den måten gjennom kommunikasjon med dykk gjere dei endringane som trengst for at ting kan bli enda betre.

Alle kjensler er lov. At barnet ditt vil grine i ein kortare eller lengre periode når du seier ha det i barnehagen, er naturleg. Me kan ikkje ta ifrå deg den ubehagelege og vonde følelsen det eventuelt gir deg.

Det me vil gjera er å møte barnet ditt, og anerkjenne dei kjenslene me opplever å sjå hjå det; «Er du lei deg no når mamma gjekk? Eg vil vere her for deg. Eg vil halda deg».

På den måten respekterer me barnet ditt sine kjensler, og seier på den måten at alle dine kjensler er lov, at alle dine kjensler er rett for deg. Det er noko av det viktigaste me kan lære eit barn, at alle kjensler er lov, og at barnet får vilkårslaus kjærleik uansett.

Så beklagar mamma og pappa. De treng i ein periode å forlate eit gråtande barn. Men me vil gjere det som står i vår makt for at de kjenner dykk trygg på at barnet ditt då har eit trygt fang og blir heldt rundt akkurat så lenge som det trengjer det. Me vil aldri gi opp å trøyste barnet ditt.

Barnet ditt er her og no. Viss me seier til barnet at «det vil gå bra», så er det «vaksenprat». Difor er det så viktig å bytte ut «det går bra» med «eg er her»!

Kjære foreldre, me ynskjer å undre oss i saman med dykk. Me sit ikkje på svaret om kva som er best i alle situasjonar som oppstår i løpet av ein dag. Me har lang, god og viktig erfaring i arbeid med barn, me vil brukar erfaringa med oss inn i undringa i saman med dykk som foreldre. På den måten vil me skapa dei beste føresetnadene for barna i barnehagen, for ditt barn i barnehagen.

Barnet sitt beste er sjølvsagt vårt viktigaste utgangspunkt.

Å bruke spørjeord som «kva» og «korleis» vil opna opp for ulike tankar, løysingar og ulike svar. Ved å undra oss i saman vil me rett og slett skapa gull i saman

Velkomen til barnehagen. Ein ny epoke startar. Nye relasjonar blir lagt. For oss er dei gode relasjonane så utruleg viktig. Gode relasjonar er nøkkelen til lykkekjensle og god helse.

Og det vil me klara å skapa saman, ved å kommunisera, vera undrande og lyttande.