BT Magasinet

Det var panikkstemning i byen. «Er det ikke paatide at gribe ind!», spurde avisa.

Ein av byens mektigaste familiar var involvert. Sommaren 1909 vart bergensarane fortrulege med nyordet «homo».

Publisert:

To dagar før 17. mai 1909 stod ordet første gong på trykk som overskrift i avisa Arbeidet.

«Homo!»

Det var eit nyord tidleg på 1900-talet, men bergensarar flest skjønte nok kva det innebar. Etter å ha lese artikkelen var iallfall ingen i tvil.

I mange år hadde det «været en offentlig hemmelighed, at vi her i Byen har endel perverse «mandfolk»», skreiv Arbeidet. Desse mennene gjorde seg skuldige i «udsvævelser» som ikkje eigna seg på trykk.

Sex mellom menn var kriminelt i 1909, men diskresjon ein dyd. Også Arbeidet meinte at homoseksualitet mellom vaksne og likesinna var ei privatsak – men berre til ei viss grense.

No var grensa nådd.

Ein velståande mann tidleg i 40-åra med ei høg stilling, hadde hatt forhold til fleire unge gutar og forsynt dei med flotte klede og rikeleg med lommepengar.

Unge menneske kunne bli øydelagde både fysisk og intellektuelt av «dette motbydelige uvæsen», skreiv avisa, som forlangte at mannen måtte uskadeleggjerast og stillast for retten.

«Er det ikke paatide at gribe ind!»

Oppslaget skapte tilløp til panikk i byen, og politiet fekk det travelt. Alt same kveld vart den rike bergensaren taua inn til avhøyr.

Han var ingen kven som helst.

– Det må ha vore den store snakkisen på 17. mai det året, tippar Runar Jordåen, førstebibliotekar ved Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen og forfattar av artikkelen «Homoskandale!».

Fotograf Marcus Selmer/Billedsamlingen, UiB

SØSKEN: Fridtjof Sundt (til v.) og fem søsken i 1883.

Den eine guten var 15, den andre 18 år. Ingen av dei var mors beste barn. Begge var tiltalte for tjuveri, og begge tilstod å ha hatt forhold til mannen.

Straffa for utuktig omgang med barn under 16 år var inntil tre års fengsel i 1909. Rettsleg praksis var at det skulle reisast tiltale, når homofili førte til offentleg forarging, prostitusjon eller forføring av unge menneske.

Mannen vedgjekk å ha hatt eit forhold til 18-åringen og vart varetekttsfengsla. Alt neste dag vart han sett fri – samtidig med 15-åringen.

Arbeidet slo alarm av frykt for at mannen ved hjelp av pengar og gode kontaktar no kom til å gjera avtalar og øydeleggja bevis. Han hadde alt hyra advokat.

I neste utgåve kom ei ny avsløring. Statsadvokat Kristoffer Vedeler som stod bak lauslatinga, var inhabil. Han hadde tapt store beløp på spekulasjonar i jobbetida og lånt pengar av rikmannen. Vedeler stod altså i gjeld til fangen han hadde sett fri.

For Arbeidet, som var avisa til Arbeiderpartiet i Bergen, var dette nok eit bevis på klassejustisen i samfunnet. Rettssystemet la seg i selen for å ta småforbrytarar, men beskytta rikfolk på ein måte som vekte avsky.

Fire dagar etter at den første artikkelen stod på trykk, tok Arbeidet steget fullt ut og offentleggjorde namnet til den velståande bergensaren.

«PERVERSE TILBØYELIGHETER»: Artikkelen sette tonen for skandalesaka i Bergen i 1909. Første artikkel stod på trykk i bergensavisa Arbeidet 15. mai.

– Det var ei tidleg form for «outing». Arbeidet braut diskresjonslinja og tok saka ut i det offentlege. Det var ein kampanje med sterke antihomoseksuelle trekk, seier Jordåen.

Redaktøren rettferdiggjorde det med at gutane var unge og stod i fare for å bli forderva av ein mann som misbrukte makta og posisjonen sin.

– Avisa ville avsløra hykleri og misbruk hos borgarskapet, seier Jordåen.

Fridtjof Sundt vart fødd inn i det bergenske oversjiktet i 1867. Dei første leveåra budde han i Strandgaten, over butikken til faren Christian Gerhard Ameln Sundt, bergensaren som har gitt namn til C. Sundts gate.

C. Sundt var ein høgt respektert borgar. Han hadde gjort det stort innanfor manufakturbransjen og var sentral i nordlandshandelen. Dessutan sat han i bystyret i Bergen i over 40 år, hadde flust av styreverv og donerte raust til kulturlivet.

Sundt-familien flytta inn i ein staseleg villa i Kalfarveien. Fridtjof var yngst av elleve søsken og begynte på Bergen katedralskole. Seinare gjekk han på handelsakademiet i Leipzig og las medisin i ein periode, før han la studiene på hylla for å prøva seg som skipsmeklar.

Fotograf Marcus Selmer/UBB

SUNDT & CO: I dette huset i Strandgaten 59 budde Fridtjof Sundt sine første leveår.

Fridtjof gjorde det godt på alle vis. Investerte i fabrikk- og gruvedrift, var aktiv seglar, fekk prestisjeverv i det bergenske borgarskapet. I mange år var han kasserar i Det nyttige selskap og aktiv i styret i Harmonien. Dessutan var han drivkraft i opprettinga av Bergen musikkakademi, forløparen til Griegakademiet.

I skandaleåret 1909 flytta ungkaren inn i ein stor villa i Lungegaardsbakken, der hotellet Zander K står i dag. Som sin avdøde far, var Fridtjof ei samfunnsstøtte.

Då lynet slo ned, var det ikkje berre i avisspaltene og ein av Bergens mektigste familar. Heile byen fekk sjokk.

Landets første offentlege homoskandale var eit faktum.

«Hvem er De – hvem er De». For ei scene som må ha utspelt seg på postkontoret i Bergen 20. mai! Ivar Angell-Olsen, redaktøren i Arbeidet, skulle henta posten. Han hadde med seg ungane på fire og seks år. På veg ut vart dei stoppa av ein rasande Fridtjov Sundt.

Møtet vart skildra i detalj i Arbeidet neste dag.

Sundt hadde prøvd å sperra døra for Angell-Olsen, medan han «hvæset mellom tænderne: Hvem er De – Hvem er De». Redaktøren kom seg ut og til politistasjonen, der han melde Sundt for forsøk på overfall.

– Å bli kalla homoseksuell på den tida var enormt stigmatiserande. Hugs, dette var ikkje lenge etter at Oscar Wilde-skandalen slo ned som ei bombe i England! Det er nesten umogleg i dag å forstå kor belastande det må ha vore, seier Jordåen.

Poeten Wilde vart dømd til to års straffarbeid i 1895.

Fotograf Joh.v.d.Fehr

SØKELYS: Fridtjof Sundt var ei såkalla samfunnsstøtte – med ei rekkje prestisjeverv i borgarskapet.

– Men var Sundt eit offer?

– Han hadde hatt forhold til svært unge personar, og det han hadde gjort var klart mot den offisielle moralen. Berre forholdet til 18-åringen vart funne bevist, men kunne nok også i dag blitt oppfatta som ei form for misbruk av makt. I 1909 såg arbeidarrørsla saka som eit bevis på at borgarskapet var hyklerisk, umoralsk, dekadent og «feminint». Kort sagt: pill rote.

Sundt fekk bot for episoden på posten. Mellom dei sju fjell steig panikkstemninga. Eit folkemøte om saka på Folkets Hus var stappfullt. Fleire hundre måtte snu i døra.

Etter ein tale av redaktør Ivar Angell-Olsen, vedtok folkemøtet med 700 mannfolk ein resolusjon. Dei fleste var fedrar, stod det, som uttrykte uro over at «homoseksuelle laster, hvori ogsaa unge mennesker inddras» fekk utvikla seg, uten at påtalemakta greip inn. For å beskytta unge mot tilnærmingar frå «perverse og degenererte personer», måtte politi, foreldre og skule samarbeide, stod det.

– Folk var heilt klart eldna opp av det det dei såg som maktmisbruk og klassejustis. Men dette var iblanda ei homofobisk stemning, ei frykt for at homoseksualiteten skulle breia om seg i samfunnet. Me må hugsa at likekjønna seksualitet var nesten unisont moralsk fordømt i samfunnet på denne tida, forklarar Jordåen.

Billedsamlingen, UiB

REDAKSJONEN: Arbeidet hadde redaksjon og trykkeri i første etasje i Folkets Hus. Dette handkolererte postkortet av ein ukjent fotograf er frå ca. 1902–05.

Borgarpressa i byen hadde så langt ikkje nemnt saka med eitt ord. Angell-Olsen skulda sine konservative konkurrentar for feigskap og dobbeltmoral.

Då Høgre-avisa Bergens Aftenblad kom på bana, var det med forsvar av statsadvokat Vedeler og kritikk av Arbeidet for å slå mynt på skandalen. Angell-Olsen repliserte at konkurrenten burde vera glad for at Arbeidet ikkje gjekk lengre i avsløringane om utsvevande livsførsel i byens overklasse:

«... thi selv her i Bergen kan der komme en syndflod, hvis bølger skyller hit over de høieste huse».

Den tabloide, hardtslåande redaktøren som braut med diskresjonslinja og hengde ut Fridtjov Sundt, var ny i by’n. Ivar Angell-Olsen kom frå små kår og hadde beina solid planta i arbeidarrørsla.

Han sat i landsstyret til Arbeidarpartiet. Avisa han styrte, heldt til i Folkets hus.

Angell-Olsen hadde lært moderne avisdrift og ein ny type journalistikk i København. Han hadde sans for sensasjonar og skandalar, og han var maktkritisk. Meir enn gjerne tok han kompromisslause oppgjer med borgarskapet.

Bergensarane likte avsløringane og den konfronterande tonen. Opplaget gjekk i veret i Angell-Olsens ti år lange redaktørperiode.

– Homosaka vekte også oppsikt nasjonalt og bidrog til å popularisera begrepet homoseksualitet. Sannsynlegvis var dette den første medieskandalen knytt til homofil i Norge, fortel Jordåen.

Med Fridtjof Sundt som det første medieofferet.

Billedsamlingen, UiB

SEGLAR: Fridtjof Sundt var ein ivrig seglar og deltok i regattaer.

Skandalen må ha vore ei stor påkjenning for dei involverte. Lettast frå det kom statsadvokaten, som hadde lånt pengar av Fridtjof Sundt og fått han ut av fengsel. Han fekk rett nok smekk på fingrane av Riksadvokaten, men ut over det skal ikkje saka ha fått konsekvensar for han.

Den 15 år gamle guten som hevda å ha hatt eit forhold til Sundt, vart plassert på ein anstalt for «slemme» gutar på Ulvsnesøy utanfor Osterøy.

18-åringen fekk 30 dagar i fengsel for tjuveri.

Forhøyra heldt fram ut over sommaren. Fridtjof Sundt sleppte til slutt frå det utan påtale eller dom, sjølv om han innrømde forholdet til den eldste. Alderen til 18-åringen var truleg avgjerande.

Angell-Olsen – og truleg også lesarane hans – tolka dette som ei stadfesting av at samfunnstoppar kom seg unna med det meste.

– At Sundt ikkje vart tiltalt, viser at det skulle ekstremt mykje til for at straffepåbodet skulle bli brukt. Det må ha sendt signal til andre homofile om at «ja, du kan bli skandalisert, men det skal mykje til før du blir dømt og straffa», seier Jordåen.

– Vart det vanskelegare å vera homofil etter sommaren 1909?

– Eg trur ein god del fekk seg ein støkk og vart redde, rett og slett. Atmosfæren kan ha tilspissa seg i tida rundt Sundt-avsløringane, og mange kjende nok på frykt og nervøsitet. Neste gong kunne det vera dei som vart avslørte.

BTs arkiv

SKORPO: Fridtjof Sundt bygde sitt ferieparadis på øya Skorpo i Os-skjergarden med både kjeglebane og park.

Fleire homoskandalar i utlandet hadde enda med sjølvmord. Sundt klarte å retta ryggen og gå vidare – med borgarpressa og store delar av bergenseliten i ryggen. I åra som kom, fekk han ei sentral rolle i Harmonien og heldt fram som kasserar i Det Nyttige Selskap til han døydde i 1922.

På sørspissen av øya Skorpo i Os-skjergarden skapte han sitt sommarparadis i tida før og under første verdskrig. I tillegg til ein svær villa, bygde skipsmeklaren parkanlegg, drivhus, kjeglebane og musikkhall. På det meste skal 300 mann ha delteke i byggjearbeidet.

I 1916, då Sundt’ane feira hundreårsjubileet for C. Sundts fødsel, samla kring 90 slektningar seg på Skorpo.

Heller ikkje familien hadde vendt han ryggen.

Billedsamlingen, UiB

SKANDALISERT: Ein blid Fridtjof Sundt (1867–1922) fotografert i båt i 1916, kanskje på veg til fristaden på Skorpo.

Skandalisert var han likevel. Privatlivet hans var bretta ut. Fridtjof Sundt hadde blitt hengt ut i landets aviser som ein degenerert forførar av unge gutar, og blitt eit ufrivillig symbol på ein forkvakla homofil.

I 1909, nær 30 år før Ver Varsam-plakaten, det etiske regelverket til norske journalistar, og over 50 år før homofili vart avkriminalisert i Norge, vart «homoen» Fridtjof Sundt hengt ut som representant for ein pervertert seksualitet.

Sjølv om Fridtjof Sundt levde eit priviligert liv, tilhøyrde han ein pariakaste i heile si levetid: Menn som hadde sex med menn. Dei var undertrykte, forakta.

Sommaren 1909 må ha prega han resten av livet.

Kjelde: «Homoskandale! Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909», publisert i antologien «Han e’ søkkane go’!», ABM Media, 2017.