Introverte taper i arbeidslivet: – Vi går glipp av mange dyktige menneske

Dei ekstroverte stikk av med jobbane, viser undersøking. Even Bolstad i HR Norge er ekstrovert og tar difor alltid med seg ein introvert kollega når han skal ha jobbintervju.

Sverre Chr. Jarild / Lysbordet

EKSTROVERT: – Sjølv er eg veldig ekstrovert, og i jobbintervju forsøkjer eg difor å ta med ein kollega som har introverte kvalitetar og kan sparke meg i leggen dersom eg går glipp av viktige kvalitetar ved jobbsøkaren, seier Even Bolstad, dagleg leiar i HR Norge.

  • Birgitte Flote
Publisert:

– Ideala i samfunnet er å vere omgjengeleg og frampå, uttalte ungdomsdiakon og forfattar Hans Eskil Vigdel i eit forfattarintervju i Aftenbladet tysdag.

Vigdel, som nyleg har gitt ut boka «Ingen introverte i himmelen», meiner samfunnet favoriserer ekstroverte, til dømes i arbeidslivet. Han seier mange introverte føler dei heile tida må vere ein annan enn dei eigentleg er.

– Arbeidsplassar er lagt opp rundt dei ekstroverte. Har ein opne kontorfellesskap, vil gjerne den introverte bli negativt påverka av det. Og det å ha lange møter på jobben, kan opplevast som tappande.

Les også

Slik ble John Erik kvitt sosial angst

– Favoriserer ekstroverte

HR Norge har gjennomført fleire undersøkingar om introversjon på arbeidsplassar. Dagleg leiar Even Bolstad, seier til Aftenbladet at ekstroverte blir favorisert i arbeidslivet.

– Ekstroverte vil til dømes stille sterkare i jobbintervju fordi dei i større grad tar rommet. Intervjua er såleis eit av dei minst treffsikre verktøya vi har. Sjølv er eg veldig ekstrovert, og i jobbintervju forsøkjer eg difor å ta med ein kollega som har introverte kvalitetar og kan sparke meg i leggen dersom eg går glipp av viktige kvalitetar ved jobbsøkaren, seier han.

– I ei god arbeidsgruppe bør ein ha ein kombinasjona av begge deler, og klare å sjå kvaliteten i både ekstroverte og introverte personlegdomstypar.

At ein i enkelte yrke bør vere ekstrovert for å lukkast, er ikkje nødvendigvis riktig.

– Tidlegare framstod seljarar som arketypen på ei stilling der ein skulle tilsette ekstroverte, men undersøkingar har vist at det ikkje er dei som gjer det best. Tvert imot blir dei forbigått av kollegaer med meir introverte eigenskapar fordi desse lyttar, reflekterer, tar eit steg tilbake og møter kundane sine behov.

Mange midt imellom

Psykolog Carl Gustav Jung, som utvikla omgrepa på 1800-talet, meinte ekstroverte personar henta energi frå å vere saman med andre, medan introverte får energi av å vere åleine. Samtidig er det mange som er både ekstroverte og introverte, det som blir kalla ambivert.

– Det er viktig å hugse at det ikkje er snakk om to typar menneske, og at svært mange ligg ein plass midt imellom. Samtidig er det ein overrepresentasjon av ekstroverte til dømes i leiarroller. Desse vil gjerne tenkje at opne kontorlandskap er eit fantastisk flott verktøy for samhandling, men det passar ikkje like godt for introverte, seier Bolstad.

– Noko interessant som har blitt registrert hjå leiarar, er at dei introverte i større grad kan «fake» at dei er ekstrovert, enn motsett veg.

Les også

«Klemming er blitt stadig mer utbredt de siste årene, men det er ikke blitt noe mer komfortabelt med tiden»

– Meir akseptert å vere introvert

I ein kronikk i Aftenposten hevda Espen Skorstad i 2013 at samfunnet går glipp av viktige ressursar fordi ekstroverte stadig blir favorisert. Skorstad, som er spesialist i arbeids- og organisasjonspsykologi og leiar av konsulentselskapet Cut-e, meiner dette framleis er situasjonen.

– Vi risikerer å gå glipp av ei heil rekke dyktige menneske som vil ha mykje å bidra med, sjølv om dei ikkje nødvendigvis produserer like mange ord i sosiale forsamlingar, seier han.

Han meiner situasjonen er ganske lik i dag som den var i 2013, men med ei lita endring:

– Eg trur det har blitt meir akseptert å vere introvert. Eg overhøyrde tre høglydte tenåringar på bussen, der ei av desse snakka høgt om kor introvert ho var. Det kan nesten verke som enkelte også synest det er litt kult å vere introvert.

Hans Eskil Vigdel sa blant anna dette i intervjuet med Aftenbladet:

– Vi kan ikkje krevje at introverte skal vere noko dei ikkje er for å passe inn i samfunnet. Ein blir sjuk av å leve eit skodespel.

Skorstad meiner det er viktig å ikkje overdrive.

– Vi kan definitivt ikkje krevje at folk skal vere noko anna enn dei er. Samtidig skal vi ikkje overdrive dette. Det er ikkje slik at introverte blir systematisk undertrykt, snarare at enkelte arenaer er betre tilpassa ekstroverte.

Les også

Slik ble John Erik kvitt sosial angst

Les også

Lykkeligst åleine

Les også

Klem fra meg

Les også

– Jeg er introvert og høysensitiv