Lokalt

– Eg var millimeter frå å bli treft av ei stor steinblokk

– I kveld kjenner eg meg som verdas heldigaste som kom frå dette med livet i behald, seier firebarnspappaen frå Lærdal.

Publisert:
Mark Brooks

STEINBLOKK: – Der og då var eg ikkje skjelven. Men i timane etterpå har eg gråte mykje, og slett ikkje hatt det så greitt. Eg er ein vaksen mann, men dette var ikkje noko kjekt. Samtidig er eg overlukkeleg for at ingen personar kom til skade, seier Mark Brooks.

Fredag kveld gjekk det eit større steinras ved fv. 271, vegen inn til den vesle bygda Tønjum i Lærdal.

Mark Brooks hadde huset fullt av gjester, då ein nabo ringde og fortalde at raset hadde råka morellhagane hans.

Såg berre skuggen

– Eg heiv meg i bilen for å sjå korleis det stod til, fortel Brooks til BT natt til laurdag.

– På vegen køyrde eg forbi fleire større steinblokker, men eg trudde sjølvsagt raset var over. Brått kom det ein stor skugge rett framfor bilen, og før eg rakk å tenkje meg om datt bilen ned i eit hol.

Skuggen var ei større steinblokk som streifa rett framfor Brooks. Hola bilen forsvann ned i, var der steinen trefte vegen før den dundra vidare.

Berre millimeter frå

– Eg veit ikkje eingong om eg rakk og tråkke på bremsa. Steinen var berre millimeter frå bilen, seier ein tydeleg opprørt Brooks.

Det var NRK som først omtalte saka.

Brooks fortel vidare at han sprang ut av bilen, medan han høyrde det buldra og knaka frå fjellsida.

– Eg er vakse opp her og kjenner plassen godt. Eg visste om ein større stein 15 meter bak bilen og sat meg i dekning der, seier han.

Der blei han sitjande i sju-åtte minutt, heilt til han var sikker på at det hadde slutta å rase frå fjellsida.

– Eg måtte gråte

Då det var blitt stille rundt han, sprang han fram til bilen igjen.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle få bilen opp igjen fra hola, men jammen gjekk det, seier Brooks.

– Akkurat der og då var eg verken redd eller skjelven. Men i timane etterpå har eg gråte mykje og slett ikkje hatt det så greitt. Eg er ein vaksen mann, men dette var ikkje noko kjekt, seier han.

Ingen personskade

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, var tidleg ute å bekrefta at ingen personar blei skadd i ulykka.

– Men det er framleis for tidleg å seie noko om kor stort raset er. Då politiet kom fram på staden, var det for mørkt, seier han.

Brooks meiner det berre er flaks det ikkje gjekk liv tapt.

– Naboane hadde fest med huset fullt av folk. I tillegg til oss fastbuande, har eg innleigd hjelp til morell- og bærplukking. At folk er friske og fine er ei lette, for folk har berre vore meter frå steinblokkene, seier han.

– Vestlendingar er vant til at det rasar. Men av og litt kjem det altfor nært på.

Les også

Politiet evakuerer området under fjellet Veslemannen og stenger Raumabanen

Les også

Fylkesvei stengt til lørdag morgen etter større ras i Odda

Les også

Isak (4) satt i baksetet da steinen traff bilen. Det tok 48 minutter før ambulansen kom.

Les også

Bil og campingvogn tatt av ras: – Vi våknet av et kjempebrak