Økonomi

Nok ein restaurant i Bare-systemet truga av konkurs

Flaggskipet Bare i Børsen har under ei veke på seg til å betale 200.000 kroner i moms. Det er andre gong på få dagar at restaurantkonseptet er truga av konkurs.

Geir Martin Strande

FARE FOR BARE: Gründer bak Bare-konseptet, og no tilsett i begge føretaka, Øystein Kalvenes Ellingsen (til venstre) og styreleiar Petter Wilhelm Stiegler under rettsmøtet sist veke. Skatt Vest ville slå Bare Vestland konkurs, men dei slapp med skrekken.

Publisert:

Tysdag sist veke måtte gründerane bak Bare-konseptet møte i Bergen tingrett.

Restauranten Bare Vestland hadde vel 300.000 kroner i ubetalt moms, og Skatt Vest ville slå dei konkurs.

Les også

Restauranten Bare Vestland er truga av konkurs

Det slapp dei unna med. Dommaren gav dei to veker utsetjingsfrist på å betale.

Konkurstruga igjen

No er gründerane nok ein gong kalla inn til retten for same høve, men for den andre restauranten, flaggskipet Bare i Børsen AS. Denne restauranten ligg nokre etasjar over i det gamle børsbygget i Vågsallmenningen i Bergen sentrum og har uteståande 200.000 kroner i meirverdiavgift til Skatt Vest.

Dette kravet kjem på toppen av det førre kravet gjeldande Bare Vestland, som dei altså må betale innan to veker.

Tor Høvik

BARE I BØRSEN: Restauranten ligg i det gamle handelskammeret i børsbygget i Vågsallmenningen 1.

Same årsak som før

Årsaka til dei økonomiske problema er den same for begge restaurantane, fortel styreleiar Petter Wilhelm Stiegler.

Selskapet planlegg å betale Bare i børsen AS sin ubetalte moms. I så fall slepp dei å møte i retten tysdag neste veke.

– Dei tre første månadene i året er tunge, seier han.

Tor Høvik

NYTT: Det er ikkje lenge sidan Bare i Børsen stod ferdig.

Styreleiaren forsikrar at dei allereie har betalt mesteparten av det første momskravet, som er knytt til Bare Vestland, som har lokale i kjellaren til børsbygget.

Stiegler fortel vidare at dei likevel ikkje tar opp lån for å betale krava.

– Vi brukar berre pengar frå omsetjinga.

Les også

De tjener penger i en knallhard bransje

Har gått konkurs tidlegare

Trass i tidlegare konkursoppmodingar, og den tidlegare restauranten Bare Restaurant som slo seg sjølv konkurs for to år sidan, vurderer ikkje Bare Holding å gjere store endringar i forretningsmodellen.

– Vi starta med lite kapital, og har heile tida bygd oss oppover. Kvart år stig omsetjinga. Pilene peikar oppover, seier Stiegler.

Årsrekneskapen for Bare Vestland viser at omsetnaden har stige, frå vel 7,8 millionar i 2015, til 14,3 millionar kroner i 2016.

Geir Martin Strande

HELD STØ KURS: Styreleiar Petter Wilhelm Stiegler seier det ikkje blir nokon drastiske endringar i restaurantkonseptet Bare.

Les også

Her er uteserveringane med mest sol

Likevel har det vore store underskot. I 2016 var eigenkapitalen negativ med nesten 3,7 millionar kroner.

Stiegler er klar på at det ikkje vert nokre drastiske endringar for å unngå framtidige oppmodingar om konkurs.

– Vi kjem ikkje til å stengje Bare i Børsen eller Bare Vestland, legg han til.

Tenar meir om sommaren

Då Bare Vestland måtte møte i retten tysdag sist veke, fortalde styreleiaren at ting ser betre ut. Restauranten skal ha tent halv million kroner meir i juni, enn det dei gjorde i snitt dei første månadane i år.

Det kom også fram i tingretten at restauranten låg ein månad bak på husleiga, men at dei var i dialog med huseigar.

Les også

Tapas på vestnorsk

Les også

Bare Restaurant slo seg selv konkurs

Les også

Nå blir det to Bare-restauranter i børsen

Les også

De løfter det norske kjøkkenet