Økonomi

Hotellmagnat vil kjøpe den gamle kunsthøgskulen i Bergen

Hotellkjeda De Bergenske eig allereie tre hotell i kvartalet rundt Zander Kaaes gate i Bergen sentrum. No snusar dei på enda eit bygg i same område.

Tor Høvik

STRØMGATEN 1: Den gamle kunsthøgskulen møter deg når du går ut av hovudinngangen til jernbanestasjonen i Bergen.

Publisert:

Ved jernbanestasjonen i Bergen eig hotellkjeda De Bergenske allereie tre hotell:

Grand Hotel Terminus. Villa Terminus. Hotel Zander K.

Om hotelleigar Kjetil Smørås får viljen sin, kan det verta eit fjerde like ved.

– Bygget er perfekt

Tvers over jernbanestasjonen i Bergen ligg den gamle kunsthøgskulen.

Det er dette bygget Smørås vil ha inn i hotellporteføljen sin.

– Bygget er perfekt som ein kombinasjon av kultur og reiseliv. I salane kan vi ha utstillingar, møter og festlokale. Kanskje også mindre konsertar, forklarer han.

Tor Høvik

MEINER DEI ER BEST EIGNA: Hotelldirektør Kjetil Smørås i De Bergenske meiner dei er den beste kandidaten, om Bergen kommune vel å selje den gamle kunsthøgskulen. Her framføre Grand Hotel Terminus, som ligg like ved.

Best eigna

Direktøren hinta allereie om interessa i fredagsutgåva av D2, Dagens Næringsliv sitt vekemagasin.

Formålet med hotellklyngja er ifølgje Smørås å auke aktiviteten og ta vare på det historiske miljøet.

– Våre administrative ressursar i området gjer oss til den kandidaten som best og enklast kan drifte det, seier han.

Les også

Hotellsjefer tror noen bergenshoteller vil bukke under

Vurderar å selje

Bygget har vore ein del av den såkalla Anger-avtalen, inngått i 1971, då Bergen skulle inn i Hordaland fylkeskommune.

Fylkeskommunen tok då over ansvaret for fleire skular og pleieinstitusjonar.

Avtalen la til grunn at dersom eit bygg ikkje skal brukast til det same eller liknande formål, får Bergen kommune det tilbake utan vederlag.

Bergen kommune har tatt avtalen til retten for å få attende eigedomar.

Elias Dahlen (arkiv)

SENTRUMSHOTELL: Hotellkjeda til Kjetil Smørås driv også Hotel Bergen Børs på Vågsallmenningen og Augustin hotell i C. Sundts gate. Her med hoteldirektør Camila Thun.

Etter at Kunsthøgskulen flytta i fjor, har bygget kome i kommunen sine hender.

No vurderer dei om det skal seljast.

– Hotelldrift er ei mogelegheit, men kommunen vurderer også om bygget kan brukast på andre måtar. Mellom anna som ein sentrumsnær barnehage eller kulturskule, seier fungerande byrådsleiar Dag Inge Ulstein (KrF).

Skryt til De Bergenske

Om Smørås si hotellkjede kan vere den rette til å ta over, er for tidleg å seie.

Det er også for tidleg å samanlikne potensielle kjøpskandidatar, meiner Ulstein.

– Men De Bergenske fortener skryt for tidlegare restaureringsprosjekt i området.

Tor Høvik

STRØMGATEN 1: Det var kunstvising i det gamle kunsthøgskulebygget under festspela tidlegare i år. No står det tomt.

– Freda objekt

Kunsthøgskulebygget det er snakk om ligg i Strømgaten 1, opna i 1875.

Arkitekt var Giovanni Müller.

Müller teikna fleire bygg i Bergen, mellom anna Villa Forskjønnelsen for Alexander B. Grieg, og dei fleste av stasjonsbygga langs Vossebanen.

Etter mange tiår som teknisk skule og ingeniørhøgskule, blei det kunsthøgskule fram til den nye stod klar i Møllendal.

Også den tidlegare aldersheimen i Kaigaten like ved, som også blei nytta av Kunsthøgskulen, står tom.

Byarkitekt Maria Molden sa til BT i fjor at ein må diskutere kva dei to bygga skal bli fylt med, og sjå det i samband med mogelegheita for å få på plass ein skikkeleg jernbanestad mellom bygga og jernbanestasjonen.

– Kanskje kan ein del av finansieringa bli løyst i samband med det, sa Molden.

Ho slo fast at Bergen Tekniske skule er eit freda objekt, noko som også inkluderer muren rundt den tidlegare hagen.

Rune Sævig

ZANDER K: Våren 2017 opna De Bergenske hotellet Hotel Zander K, som nesten er naboen til Terminus og Villa Terminus. I enden av gata ligg det gamle kunsthøgskulebygget.

Tøff hotellmarknad

Om det blir hotell, står att å sjå. I så fall blir konkurransen endå tøffare.

Dei siste åra har det kome fleire nye hotell i Bergen og i løpet av året vil talet på hotellrom ha auka med 40 prosent på to år.

I januar og februar stod seks av ti hotellrom i Bergen tomme.

Smørås var sjølv ute og kommenterte stoda i BT i mars:

– Det er openbert nokon som vil måtte drive med kraftig underskot i dei vanskelege månadane, om dei ikkje vel å stengje dørene. Eg trur det blir vanskeleg å drive hotell som har under 100 overnattingsplassar.

Les også

Et signalbygg i Bergen står tomt

Les også

Hotel Norge-åpningen: – Du kan si at dette er min baby, min kjempebaby

Les også

Restauranten Bare Vestland er truga av konkurs

Les også

Hotelleier lei av at konkurrentene er gratispassasjerer