Fotballmagi på Møllaren

Møhlenpris rommar lagnader av alle slag, ført saman litt på slump, men mest av pur magi: Fotballen.

LØKKEFOTBALL: Ei lita lomme er ledig i enden av Møhlenpris fotballbane. Mål blir flytta, ein uhøgtidleg kamp kan byrje. Nye spelarar kjem til, andre går. Stillinga? Ingen veit. Frå v. Michael Villagra, Haroon Abdullah og Rahel Hagen.

Publisert:

Ein ball i beina. Hundrevis av kvadratmeter under knottane. Enno let ho seg mana fram, gleda av å meistra.

Fotballen er framleis rund, fotballen er framleis magi, og snart skal ei ny finte sitja, snart skal trikserekorden knusast. Snart skal nettet løfta seg.

Talentet er ein sekk som skal fyllast, ein stein å stiga opp på, ei bølgje å ri, ein båt å ro.

Og i morgon? Kven veit?

SEBLE HAGEN (20): – Fotballbana er møtestaden min. Eg bur på Kalfaret, men her treff eg vennane mine og blir kjend med folk. Vi er ein gjeng som møtest jamleg for å spele fotball.

Fotball. Den vakre leiken. På Møhlenpris blir fortida respektert. Finst det ei ledig krå, blir det framleis leika på det som i 1899 vart Bergens første offentlege leikeplass. Ikkje spelt eller sparka, men leika fotball.

Det er ein grunnleggjande avstand, men samstundes eit tydeleg slektskap mellom det som skjer på fotballens elitenivå, og det som skjer kvar dag på Møhlenpris. Stundom saumlaust som ein symfoni, stundom stakkato som ein talefeil. Fotballens magi ligg ikkje berre i kampen. Fotballens eigentlege magi ligg i evna han har til å bringa saman, til å byggja ned fordommar og mistanke, til å byggja opp tillit og gunst, til å støypa og mura og bevara fellesskap.

MORTEN LOUG HANSEN (24, til v.): – Eg bur på Sydneshaugen, jobbar som ingeniør og brukar fotballbana innimellom. OLAV RØTHE KYTE (24): – Det var så fint vêr at vi ville ned på banen ein tur. Det er siste dagen min i Bergen. Eg er ferdig utdanna bachelor i marin teknikk. No flyttar eg tilbake til Stavanger.

Fotball er ikkje Gianni Infantino, like lite som det var Sepp Blatter. Fotball er ikkje korrupsjon og kampfiksing og kameraderi, eller tobeinstaklingar i knehøgde. Det er ikkje defensiv struktur og kjølig kynisme.

ROSITA ILIEVA (31): – Eg er step in på eit Djerv-lag. Akkurat no spelar vi kamp. For å vere ærleg veit eg ikkje kva divisjon vi spelar i. Eg har spelt basket i mange år, men ein ven tipsa om fotballaget. Det er litt uhøgtidleg. Det likar eg. Det viktigaste er å få springe og lufte seg.

Ikkje her. Nei, her er fotball smil og latter og jubel og vonbrot, Hawaii og improvisasjon. Alle mann i angrep. Godlynt anarki. Ingen som spelar på resultat. Det er øving og meistring og ein kanon i vinkelen. Bomskot og sleivspark. Det er samhald og samhandling og dribleraid og overlapp og pasningar som aldri kjem, løp som aldri blir verdsett. Det er mottak og medtak og harde tak, og stundom er ballen ein snubletråd. Det er jenter og gutar i fargerikt fellesskap. Det er pause frå uro og von om ei framtid. Det er kjeft og skryt og ansvar og ansvarsvegring.

SCORING: Rika Alidi jublar! FK Brødre set inn det fjerde målet mot Swahili United. Det er Det felles innvandrarråds internasjonale fotballturnering på Møhlenpris-bana.

Møhlenpris var lynturnering, Møhlenpris var koks og svarte panner. Sveitte og regn, skrubbsår og blod og altfor kort avstand mellom mur og bane. Møhlenpris var turnstevne og skøyteløp. Møhlenpris var sneip og hammar og sveis og klink og Mjellemen. Møhlenpris var det trauste bergenske proletariatet.

17. MAI: Kristin Svartveit prøver styltene på fotballbanen. Sonen Olav følgjer med.

No er det smeltedigelen, den gode samlingsplassen i nabolaget, der alle møtest. Det er terping og eksersis, men mest av alt ein plass der venskap oppstår og band knytest. På bana. Rundt bana. Bak bana. Utanfor bana. Bana som til slutt fekk cornerflagg, men som alltid har flagga. Til samling og samspel, til solidaritet, til likskap, til lått, til fest.

PETER DIVKOVJC (69): – På byrjinga av 2000-talet kom eg frå krigen i Bosnia til Norge. Eg budde først på asylmottak i Florø, før eg flytta til Bergen. Eg likar godt å jobbe, men fekk ikkje arbeid. Då var eg her på fotballbana, rydda og vaska. No jobbar eg i Idrettservice, med ansvar for Vitalitetssenteret og fotballbana. Og så spelar eg på oldboys-laget til Djerv.

SOLIN ALI (18, til v.): – Mange av venene mine spelar fotball på Møhlenpris, så eg heng meg berre på. Elles spelar eg fotball for Åsane. Eg har gått toppidretts-fotballinja på Voss vidaregåande skule. NORA AL (21, til h.): – Eg høyrer med venninnene mine om dei er på fotballbana. Så går eg bort. Eg likar å spele fotball. Tidlegare spelte eg på Nymark. No er det berre på gøy.

ERICK og HAAKON (9) YNGLE: – Vi bur i Sandviken, men har vore ein tur på Vil Vite-senteret. Haakon ville spele litt fotball. Vi har begge Barcelona-trøyer, men vi heiar mest på Brann!

JONE EMIR LUNDETRÆ CIMEN (20): – Det er 17. mai, og vi har tatt ein liten tur innom bana for å spele litt. Eg bur på Møhlenpris og går på universitet. Fleire gongar i veka spelar eg fotball og amerikansk fotball.

NOOR BERGSVÅG SKJERVE (8): – Eg er ofte her for å besøke Dina. Så går vi bort på bana, og om det er fint vêr badar vi på den nye stranda. Akkurat no er vi på fotballskulen til Djerv.

HASSAN OSMAN (18): – Eg sit på tribunen for å sjekke spelestilen til Bergen moské sitt fotballag. Dei spelarmot Eri-Bergen, eit lag med spelarar frå Eritrea. Sjølv spelar eg på juniorlaget til Varegg.

DINA BERGSVÅG ESKELAND (9): – Eg bur i husbåt i Damsgårdsundet. Då er det kort veg bort til bana. Kvar måndag går eg på trening med jentelaget til Djerv. På fredagen kan eg velje om eg vil trene eller ikkje.

HAMSE ALI (19): – Fotball er livet. Eg har akkurat spelt finale for Kurdistan mot FK Brødre. Vi vann 2–1. Eg liker kulturen rundt fotballen, vennskapet! Eg har spelt aktivt på Djerv, men har byrja å spele for Trane på Slettebakken no.

VERDSTURNERING: – Vi tapte 3–1 mot Kasaksthan, seier Jamal Patrick. Han speler på Liberia, og kviler ut etter kampen i verdsturneringa på Møhlenpris.

HØGT OG LAVT: Lacrosse er ein idrett som har tatt av i studentmiljøa. Møhlenpris fotballbane blir brukt til både trening og kampar. Her er juss-studentar frå Lacrosse Club Foxes.

KVIL: Buekorpsa har si årlege samling på Møhlenpris fotballbane.

SOMMARTID: – Det er skikkeleg matplass, det er her vi henger ut, seier Marius Nordås Riisnes frå Fyllingsdalen.