Arrogante vaksinemotstandarar

Kva er meir arrogant enn å gå mot overveldande prov på effektiviteten til vaksinar – berre basert på eiga magekjensle og uviten på internett?

Fred Ivar Utsi Klemetsen

VAKSINAR: Sunn skepsis til ny viten er bra, og er ein av ideala innanfor vitskapen. Å nekte å ta inn over seg etablert viten med ei overveldande mengd prov er berre å vere tverr, skriv Sverre Litleskare.

  • Sverre Litleskare
Publisert:
Privat

Hadde konsekvensane av vaksinenekt berre råka vaksne samtykkekompetente individ som nekta
vaksine, skulle dei fått halde på med risikosporten sin i fred.

Slik er det ikkje.

Vaksinenekt råkar ikkje berre kjendisar og andre privilegerte som underheld seg sjølv og andre med konspirasjonsteoriar. Den råkar fyrst og fremst dei aller yngste, svakaste og sjuke blant oss.

Denne teksten vender seg ikkje til desse konspiratorikarane, men til alle andre, og spesielt dei som lurar på om den generelle vaksineskepsisen har noko for seg. Dei som sit på gjerdet, og som gjerne nikkar servilt når den elles litt stille familiemedlemmen ser sitt snitt til å raljere mot vaksinar.

Er du ein av dei? Då skal du sjå vedkomande djupt inn i augo og fortelje dei om alvorleg hjerneskade (mogeleg seinskade av meslingeinfeksjon), lamma pustemuskulatur (polio) eller alvorlege fosterskadar som kan føre til spontanabort (rubella, raude hundar).

Les også

Vi kan stoppe meslingar i Norge

I Europa blei 13.475 personar smitta av meslingar det siste året. Italia, Hellas, Frankrike og Romania hadde flest tilfelle. Pr. mai i år har tre personar døydd av meslingeinfeksjon i Frankrike. Ein infeksjon vi har svært effektiv vaksine mot, og som WHO difor hadde som mål at skulle vore utrydda i Europa innan 2010.

Dette har altså ikkje skjedd.

Vaksinasjonsgraden i Frankrike er no så lav som 85 prosent, langt under 95 prosent, som er delen av befolkninga som bør vere vaksinert for at flokkimmuniteten skal beskytte dei som ikkje er vaksinerte.

Situasjonen i Noreg er heldigvis ljosare enn i Frankrike, men vi har pr. mars i år hatt fire tilfelle av meslingar. Mellom anna på grunn av den høge vaksinasjonsdekninga vart det ikkje noko stort utbrot av dette.

Det er difor det er så viktig at vi i Noreg held fram med å støtte opp om og delta i barnevaksinasjonsprogrammet. Difor er det så uheldig når folk som burde vite betre, frontar totalt uvitskaplege synspunkt om kor farlege vaksinar er, og kor bra det er for born å gjennomgå sjukdommen i staden for å vaksinere seg. Her har vi faktisk alle eit ansvar for å ta til motmæle.

Flokkimmuniteten er så viktig fordi den gjer at det fåtalet som ikkje kan vaksinerast grunna låg alder (nyfødde), høg alder, eller annan alvorleg sjukdom, likevel er beskytta når alle oss som toler vaksinen tek den.

Gruppene som medisinsk sett ikkje kan ta vaksinane er også personar som toler sjukdommane vi vaksinerer mot dårlegare.

Flokkimmuniteten er jamvel raus nok til å verne antivaksinekonspiratorikarane, så lenge dei ikkje blir for mange. Det er difor dei kan slå seg på brystet med at det gjekk fint med dei, sjølv om dei ikkje er vaksinerte.

Dersom vaksinasjonsgraden i landet kjem under eit kritisk nivå, kan derimot sjukdommar som i praksis har vore utrydda i Noreg kome att.

Les også

Sølje Bergman er farligere for barn enn vaksinar

Ein mogeleg grunn til at vaksinemotstand kan få grobotn, er paradoksalt nok den gode effektiviteten barnevaksinasjonsprogrammet har hatt. Vi har vore så effektive i vaksineringa over tid, at sjukdommane så å seie ikkje finst lenger her i landet.

Folk har gløymd, eller har ikkje lenger fyrstehandskunnskap om komplikasjonane nemnt ovanfor. Folk har ikkje kjent på kroppen uvissa som følgde med at noko som kunne starte som ei tilsynelatande uskuldig forkjøling, på kort tid kunne utvikle seg til lamming av armar og bein og jamvel lungemuskulatur (polio).

Vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet har, som det meste anna vi driv med i medisinen, biverknader. Desse er som regel milde, kortvarige og lokale. Alvorlege biverknader er svært sjeldne, og langt sjeldnare enn komplikasjonane til dei til dels grufulle sjukdommane vi vaksinerer mot.

Enkelte heng seg opp i at vaksinar av nyare dato, og som ikkje inngår i bornevaksinasjonsprogrammet, har hatt for høg eller ukjend grad av biverknad, og vil på det grunnlaget nekte all form for vaksinering. Dette gir om lag like mykje meining som å aldri meir ville ta diabetesmedisinen sin fordi ei anna gruppe medisinar viste seg å ha mange biverknader.

Ei anna årsak til at nett meslingar har blomstra opp att er den avskilta lækjaren Andrew Wakefield. Han publiserte i 1998 ein artikkel som antyda samanheng mellom autisme og trippelvaksina der meslingevaksine inngår. Denne artikkelen har vorte trekt frå tidsskriftet på grunn av forskingsjuks.

Likevel trykkar framleis utruleg nok somme vaksinemostandarar denne eine falske artikkelen til sitt bryst. Derfor må det seiast på nytt og klartekst: Ingen seriøse artiklar har nokon sinne synt overtydande samanheng mellom autisme og meslingevaksine, og Andrew Wakefield er avskilta som lækjar og har ingen truverde som forskar.

Sunn skepsis til ny viten er bra, og er ein av ideala innanfor vitskapen. Å nekte å ta inn over seg etablert viten med ei overveldande mengd prov er berre å vere tverr.

Det kan synast arrogant å hamre inn desse poenga om vaksinar. Eg vil snu det heile på hovudet. Kva kan vere meir arrogant enn å gå mot eit slikt overveldande materiale med prov på effektiviteten til barnevaksinasjonsprogrammet, berre basert på eiga magekjensle og selektiv lesing av uviten på internett?

Les også

Ap vil forby uvaksinerte barn å reise

Les også

– Vi fikk beskjed om at han sannsynligvis ikke ville overleve

Les også

Vi kan stoppe meslinger i Norge

Les også

Hundre år etter spanskesyken: Kan en ny norsk vaksine omsider gi oss overtaket mot influensa?